Såret er sensitivt for skade og infeksjon dei første 8–10 dagane. Vi tilrår derfor at du unngår badekar og symjebasseng inntil sting/agraffar er fjerna, og såret er grodd. Såret treng ikkje å bli reingjort rutinemessig.
Dei første 48 timane skal du ikkje dusje. Etter 48 timar skal du dusje med bandasje. Blir bandasjen våt skal såra lufttørke og du skal setje på ny bandasje. Har du sårstrips, beheld du desse på.
Råd for optimal sårheiling
Røyking reduserer blod- og oksygentilførsel til såret, og er ei av dei største årsakene til infeksjon og dårleg sårtilheling. Derfor blir røyking avrådd. Det er viktig å ha eit normalt kosthald for at såret skal gro. Kost beståande av frukt, grønsaker, meieriprodukt, kornprodukt, kjøtt og fisk tilfører kroppen vitamin og mineral, feitt og protein som er viktig for sårtilheling. Dersom du har diabetes er det viktig å ha eit så stabilt blodsukker som mogleg.
Sårskift
Vask hendene før og etter bandasjeskift. Ikkje ta med hendene direkte i såret.
Bandasje
Du skal bruke bandasje til sting, klemmar eller stiftar er fjerna. Du skal ikkje ta av bandasjen 24 timar etter inngrepet. Vi tilrår at du vel ein bandasje som er hudvennleg (lèt seg lett fjerne), kan absorbere væske frå såra og som er vasstett. Unngå bandasjar som kan etterlate seg restar i såret eller bli sitjande fast, til dømes bomull.
Det er viktig å sjekke såra jamleg ved å ta av bandasjen og sjå etter korleis såra ser ut. Ver merksam på forandringar som; aukande smerte/sensibilitet i såret, raude, hevelse, misfarga puss eller bløding, lokal varme, såra opnar seg, feber eller nedsett allmenntilstand. Oppstår éin eller fleire av desse tilstandane må du kontakte sjukehuset.