Mange oppdagar ein kul på halsen og oppsøker lege. Hos andre blir kulen oppdaga av helsepersonell som ledd i ei rutineundersøking eller ved ein tilfeldighet. Dei fleste svulstane eller knutane i skjoldbruskkjertelen er ikkje kreft, men godarta forandringar. Det er svært vanleg å ha større eller mindre knutar i skjoldbruskkjertelen.
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Ved mistanke om kreft vil du bli undersøkt av lege. Det blir tatt ultralyd av skjoldbruskkjertelen, der det også ofte blir tatt ei lita vevsprøve av eventuelle knutar i skjoldbruskkjertelen.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne bli avklart om du har kreft eller ikkje. Det blir stilt ei diagnose. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
I tillegg til klinisk undersøking (der legen kjenner på halsen) vil det alltid vere behov for nokre tilleggsundersøkingar. I utgreiinga høyrer det med:
Som oftast blir det også tatt ei celleprøve (ultralydrettleia finnålscytologi), der legen ved hjelp av ei tynn nål som blir stukke inn i kula, trekker ut celler frå knuten. Av og til må det blir brukt ei tjukkare nål, slik at små sylindrar med vev frå svulsten kan bli undersøkt i mikroskop (histologisk nålebiopsi).
Hos enkelte kan det vere aktuelt å utføre ei scintigrafiundersøking, og iblant CT eller MR av halsen.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)