Råd for best mogleg sårheiling
Røyking blir frårådd fordi det reduserer blod- og oksygen tilførsel til såret, og er ei av dei største årsakene til infeksjon og dårleg sårheiling. Kost beståande av frukt, grønsaker, meieriprodukt, kornprodukt, kjøtt og fisk tilfører kroppen vitamin og mineral, feitt og protein som er viktig for sårheiling. Dersom du har diabetes, er det viktig å streve etter eit normalt og stabilt blodsukker.
Smerte
Det er normalt å oppleve smerter i såret dei første dagane. Følg råda til legen om smertestillande medisin.
Dusj
Du bør vente i 48 timar etter operasjon før du dusjar - da med vasstett bandasje på. Blir bandasjen våt skal han takast av såret lufttørke og ny bandasje settast på.
Sårskift
Vask hendene før og etter bandasjeskift. Ikkje ta med hendene direkte i såret. Bestill evt. bandasjeskifte på fastlegekontoret.
Bandasje
Du skal bruke bandasje til sting/stiftar er fjerna. Unngå å ta av eller skifte bandasjen dei første 48 timar etter inngrepet. Bandasjen kan ligge på i opptil 7 dagar før han blir skifta. Den nye bandasjen du legg på må vere ein steril operasjonsbandasje som du får kjøpt på Apotek eller hos bandasjist.
Når skal du kontakte lege
Det er viktig å følge med på operasjonsområdet. Kontakt legen din dersom du opplever forandringar som:
- aukande smerte/sensibilitet i såret
- raude
- varme
- hevelse
- misfarga puss eller bløding
- at såret opnar seg
- feber eller nedsett allmenntilstand.
Sting, strips og agraffar
Sting, strips og agraffar blir fjerna hos fastlegen etter 10-14 dagar dersom du ikkje får beskjed om anna.
Arr
Arret blir bleikna med tida, men det kan ta fleire år. Det er viktig å verne arret mot soling. Bruk derfor faktor 50 når du er ute i sola. For å forhindre drag i området som kan medføre breiare arr linje, kan du tape arret på langs med papir teip eller arr teip som du får kjøpt på apoteket. Hudvennleg krem/lotion gir fukt og kan bidra til eit glattare og finare arr.



