Vær oppmerksom
Mange tolererer azathioprin godt og merkar ingen biverknader, men inntil 20–25 % opplever nokre biverknader av medikamentet. Nokre blir kvalme, særleg i starten, men det vil som regel gå over av seg sjølv.
Dersom du får utslett, feber og leddsmerter må du kontakte lege, og mest sannsynleg slutte med azathioprin. Plagene vil då forsvinne.
Det er viktig å oppsøke legen (vanlegvis fastlegen) ved mistanke om infeksjon, sjølv om den er mindre alvorleg, slik at du kan bli undersøkt og eventuelt behandla tidleg. Teikn på infeksjon kan vere feber, vedvarande hoste, følelse av å vere kortpusta, vekttap, nattsveitte, diaré, sår/utslett, tannproblem, svie ved vasslating eller influensaliknande symptom. Om du ikkje får tak i fastlegen, kan du kontakte legevakt, eller eventuelt ringe lege via gastropoliklinikken.
Bukspyttkjertelbetennelse kan førekomme. Då får du typisk feber og smerter øvst i magen, av og til med utstråling til ryggen. Ikkje vent med å kontakte lege.
Risikoen for livmorhalskreft er også noko auka, og vi anbefaler årlege kontrollar med celleprøve hos gynekolog under behandlinga.
Azathioprin påverkar produksjonen av ulike blodcelletypar i beinmergen (oftast kvite blodlekamar, men også raude blodlekamar og blodplater). Milde biverknader er vanlege, blir berre kontrollert og treng ingen behandling. Hos nokre kan denne beinmergshemmande biverknaden bli for kraftig, slik at ein må stoppe azathioprin. Ta kontakt med lege dersom du får sår i munn/nase, naseblødingar eller blodblemmer i huda. Når du sluttar med medisinen, går desse biverknadene tilbake.
Andre forholdsreglar:
Azathioprin gjer at huda blir lysømfintleg, dvs. den toler mindre direkte sollys før den blir skadd. Det er derfor viktig å bruke høg solfaktor på solrike dagar og beskytte huda med hatt/klede for å unngå for mykje eksponering. Risikoen for hudkreft er noko auka etter mange års bruk.
Risiko for lymfekreft er lett auka ved langvarig bruk av azathioprin, i hovudsak hos pasientar over 65 år.
Hos unge menn (under 35 år) er vi tilbakehaldne med å kombinere azathioprin med TNF-hemmar (infliksimab, adalimumab, golimumab mfl.) i meir enn 6–12 månader, då lengre behandling kan gi auka risiko for ein sjeldan type lymfekreft.
Samtidig bruk av 5-ASA medisinar kan hemme nedbrytinga av azathioprin og dermed auka blodnivåa av verksam medisin (6-TGN), men dette er vanlegvis ikkje eit problem så lenge vi følger med på 6-TGN-nivået.
Bruk av allopurinol (Allopur) (behandling for urinsyregikt) samtidig med azathioprin kan gi svært auka nivå av azathioprin i blodet og gir fare for forgifting. Gastrolege bør ha ansvar for slik behandling med svært reduserte dosar.